Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Rolf Nesch – Ål kunstforening

20. juni 2021 12:00 - 17:00

|Recurring Arrangement (See all)

An event every week that begins at 12:00 on søndag, mandag, tirsdag, onsdag, torsdag, fredag and lørdag, repeating until 31. august 2021

Rolf Nesch-utstilling i Galleri Syningen sommaren 2021

 

I Galleri Syningen blir det sommaren 2021 sett opp ei utstilling med 14 bilder av kunstnaren Rolf Nesch, med diktfølgje av norske forfattarar, mellom anna Annie Riis, Rolf Jacobsen, Olav H. Hauge, Thorvald Steen, Gro Dahle. Einar Økland har skrive essayet «Rolf Nesch kjem til Norge – 1933-1938».

 

Utstillinga er kalla «Rolf Nesch, Aal – er hele adressen nå. Tingenes tilsynekomst», og er basert på boka «Tingenes tilsynekomst» (red. Paal-Helge Haugen, Gyldendal 1993).

 

Rolf Nesch var utdanna ved Kunst- og handverksskolen i Stuttgart (1908-12), og kunstakademiet i Dresden (1912-14).

Til Norge kom Nesch i 1933. Fram til 1940 helt han til rundt Oslo. Hausten 1943 vart han påkøyrt av ein trikk. Skadane gjorde han ufør for resten av livet. Eit uvenleg klima møtte Rolf Nesch i mellomkrigstidas Norge, både åndeleg og materielt. Det var tunge tider for tyskaren, kunstnaren og mennesket Rolf Nesch.

 

Etter krigen vart Nesch norsk statsborgar, og han gifta seg med den berømte skodespelaren Ragnhild Hald. I 1951 kjøpte ho eit småbruk i Liagardane i Ål, som mannen hennar straks kalla Ragnhildrud, til ære for kona. Der busette han seg, og Ål vart heile adressa hans frå då av.  Tilflyttaren vart ein lett attekjennande person i bygda, akseptert og akta som noko for seg sjølv, men bygdefolk vart det aldri av han.

 

I Nesch-museet i Ål kulturhus (opna i 1993) finst verdas til no største, permanente, offentlege utstilling av kunsten til Rolf Nesch.  Ein lokalt og nasjonalt kjent kunstnar, var Rolf Nesch likevel fyrst og fremst ein internasjonalt berømt og høgt verdsett kunstnar. Han er representert i galleri verda rundt, m.a. i Tyskland og USA, og er ein av dei mest betydelege grafikarane i det 20. hundreåret.

Dersom smittetilhøva tillet det, vil arrangøren invitere fleire av bidragsytarane til boka «Tingenes tilsynekomst» til opninga 19. juni 2021. Fullstendig program kjem seinare.

Arrangør: Ål kunstforening, i samarbeid med Rolf Nesch sine etterkomarar, Ål kulturhus og Nesch-utvalet i Ål kommune. Utstillinga står frå 19. juni til 28. august 2021 i Galleri Syningen/Ål kulturhus.
Ål kunstforening har fått økonomisk støtte frå AKO Kunststiftelse til Nesch-utstillinga.

Sjå også Ål kulturhus sin katalog for januar-august 2021 og aal.kulturhus.no/Nesch-museet.

Informasjon finst også på Ål kunstforening sin fjesbok-profil.

 

 

Detaljer

Dato:
20. juni 2021
Tid
12:00 - 17:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Ål
Viken 3570 Norge + Google-kart